søndag 7. november 2010

Baseball og boksekamp på ein og same dag

På laurdag var Susanne og 5 andre på baseballkamp borti høgget her. Det var stas! I Nicaragua er baseball nasjonalsporten, så det er alltid stor oppslutning og ståhei når det er kampar. Denne dagen spela Leon mot Managua, og kampen vart filma og sendt på tv. Difor var det ekstra kjekt når mannen filma oss chelas i pausen og me vinka for harde livet. Me likar å tru at dette var våre fifteen minutes of fame i Nicaragua! Me måtte sjølvsagt òg kjøpe hotdog og øl slik at me verkjeleg kunne leve oss inn i miljøet på tribunen.

Hotdog er nødvendig på einkvar baseballkamp!




Stor tribune+masse folk


Leon i kvite draktar og Managua i grå. Me tykte Leon var best. Ingen protest, osv.
 Ellers var me òg på boksekamp same dagen, og dette var om mogleg enda meir spanande enn baseball! I og med at boksing ikkje er favoritt sporten, var det likevel kjekt å få med seg når ein først har høve. Heile seansen bestod av 12 kampar med 4-6 rundar kvar gong, og om sant skal seiast må me innrømme at me sat og vrei oss i smerte på bokserane sine vegner under dei første kampane, men dette gjekk snart over (veit ikkje om det er ein bra ting eller ikkje?!). Så etter nokre rundar var me bitt av basillen og heia saman med dei andre lokale tilskodarane. Rop som "vamose Juan", "eso,eso Black machine (ja, den eine deltakaren kalla seg det)", eller "vale,vale,vale Carlos" hagla over ringen. Det mest dramatiske under den 3 timar lange kampen var nok då Susanne fekk seg ein dusj av svette etter ein velretta venstrehook frå Rudi "El Rey" Garcia. Dette takla ho ved å tørke det fint av med ein kvit serviett.     


Elisabeth, "Black Machine", Susanne og Marre

tirsdag 2. november 2010

Regn i Nicaragua

Når det først regnar i Nicaragua så regnar det mykje! Heldigvis er det sumar nå ,og me har blitt lova at det ikkje skal kome meir regn på 3 månadar. Dette likar me:)


mandag 1. november 2010

Jaggu sa me smør..

I Nicagaragua er det ein del skikkar og vanar som for oss nordmenn framstår som litt rare og svært annerledes. I starten heva me augnebryna når me såg desse, men etterkvart har me vorte vande med dei. Likevel har me prøvd å samle eit par av dei slik at dykk heime kan få litt underhaldande lesestoff: 

-Plastikkposar. Av ein eller anna grunn drikk dei lokale alt av veske, anten det er vatn, jus eller brus av- hold dykk fast: plastikkposar!!! På rarhetsskalaen ligger denne skikken ganske høgt! Kjøper ein take-away mat på restaurant får ein og alltid med diverse krydder i, ja, små plastikkposar. Me har til og med opplevd at kelneren har tømt colaen vår frå boksen og i ein pose før me får den med oss heim.

- Når me leverar kleda våre til vask på det fransk/spanske vaskeriet på hjørnet er det alltid billigare om me leverar dei til dama som jobbar der, enn om me gjer dei til mannen. Ikkje berre rart, men og til tider dyrt!

-Når ein tek taxi prøver alltid sjåføren å fylle opp bilen med andre passasjerar, og slepp deretter av den som bur nermast der den skal. Det kostar likvel berre 15cordobas per stykk, noko som tilsvarar 5 norske kroner.

- Om du er så uheldig at du må til legen kan du alltid rekne med å komme ut derfra med ein respet på 6 ulike medisinar. Har du vondt i halsen får du ofte medisin mot magen, hovudet og nakken i tillegg!

-  Klesmoten! Om det er nokon som fremdeles likar moten for 10 år sidan med korte toppar, slengbukser og store belter over magen er det berre å sende ned ei handleliste så skal me forsyne dykk med alt dykk treng!

- Gyngestolar! Kva er det med gyngestolar i latin-Amerika? Ikkje det at me ikkje likar dei, elskar dei, men me kan garantert telje på ei hand alle stolane me har sett som ikkje gyngar!

- Steik ost! Naaaaaaam!!! Kvifor har me ikkje dette i Norge?

- Laaaaange sandstrender utan solhungrige turistar! Bra for oss, men synd for alle som går glipp av strandparadiset i Nicaragua.