onsdag 22. september 2010

Hola:)

Nå byrjar det å verte ei stund sidan sist, difor skal me prøve å oppsummere kva me har gjort i dette fantastiske landet den siste tida. Ikkje sist helg, men helga før der reiste dei fleste elevane ned til ein surfeby som heiter San Juan del Sur, og som ligg på grensa til Costa Rica. Der tok me inn på eit relativt shabby men kjekt hostel som hadde bar på taket med flott utsikt over stranda. Planen var at me alle skulle lære oss å surfe, men då laurdagen kom og alle var slitne etter kvelden før, valgte me å utsette det til neste dag og heller slappe av på stranda. Det var ikkje så lurt, for då søndagen kom var me fremdeles slitne, og bestemte oss for å heller reise tilbake ei anna helg og lære oss å surfe! I stedet fant me oss eit fint hotell oppe i åsen der me slappa av i bassenget med utsikt over byen. Herligt! 

Ellers har me vore på båttur i mangroveskogen, og såg masse fine dyr. Alle fekk halde ein iguan som guiden vår fanga, og han fekk namnet Bueno, som tyder fin! Fordi han var fin. Men mest grønn. Det var mange ulovlege fiskegarn i elva, så guiden vår nytta anledninga til å renske nokre av garna for fisk slik at han sikra seg middag og kvelds. Ikkje dumt! Me tok ein lokalbuss heim frå turen, så nå kan me seie at me har opplevd det verkjelege Nicaragua. Nesten vertfall.

På fredag vart Susanne frastjåle veska si på ein restaurant av ein politimann. Det var heilt udramatisk, og politimannen har nok berre lurt den forsiktig med seg. Ikkje greit! Susanne såg han att i går og gav han eit par stygge blikk, men turde ikkje å dra fram peikefingen for å kjefte på han. Uansett, lenge leve reiseforsikring!

Forutan skule har me funne kvar vårt frivillge arbeid som me engasjerar oss i. Hanna lærer ungdommar og vaksne engelsk på ein skule i nærleiken, medan Susanne hjelper til på eit dagsenter for born som ikkje går på skule i den fattige delen av byen. Me tykkjer det kjempe kjekt begge to, og ikkje minst interesant å få eit djupare innblikk i korleis barn og ungdommar har det i dette landet.

Lærarane våre har oppfordra oss til å finne spansktalande personar som me kan prate med, og som me kan lære engelsk mot at dei lærer oss spansk. Dette er tydeligvis svært vanleg, då det "beste" sjekketrikset på byen er: We can meet at my place tomorrow and I can learn you spanish, ok?
Likevel har me fått oss kvar vår spanske "venn", men møtene føregår berre ute på cafe og i organiserte formar:D

torsdag 9. september 2010

Utsikten frå skulebenken. Det vert ikkje det same å komme tilbake til skulelivet i Bergen etter dette!
Spansktimane vår føregår blant anna i huset oppe til høgre. Det ligg fleire hus bak som me og nyttar. 

Downtown Leon
<><><> 
<>
<><><>><>
Barske jenter i Amsterdam

Livet i Nicaragua

Etter to heile veke pluss nokre dagar her nede i Nicaragua er det nå på tide å ta det første steget ut i bloggverda. I og med at ingen av oss har skrive eller lest særleg mange bloggar før, bed me dykk om å være tålmodige med oss! Uansett tenkjer me at dette skal gå fint:)

Den store amerikareisa vår starta ein sjeldan solfylt fredag i Bergen for to veker sidan. Me reiste tidleg om morgonen og skulle eigentleg berre mellomlanda i Shiphol eit par timar, før me skulle vidare til Panama, så siste stopp Leon, Nicaragua. Men slik skulle det altså ikkje gå! Etter å ha venta i seks timar på flyplassen fekk me vite at det var problem med flyet og at alle passasjerane måtte overnatte på eit hotell i nærheten. Etter å ha kjent på panikken for at me nå måtte ombooke heile reiseruta vidare, satte me oss ned og bestemte oss for å være positive! Her hadde me jo muligheten til å sjå Amsterdam, og det gjorde me:)
Mykje av det kan me takke Kristian og Jarle for. Kristian hadde me kome i snakk med på flyet, han skulle på jobboppdrag i Panama city, og Jarle møtte me i køen på flyplassen i Amsterdam (han skulle også ta same fly som oss til Panama). Fint å ha to staute karar ved sin side når ein skal tråle gatene i Amsterdam! Jarle skal og komme å besøke oss i Leon, noko me gledar oss veldig til:)

Her i Leon er livet topp!

Skulen: Ligg strategisk plassert på stranda slik at me kan sole oss og bade i kvar pause og etter at timane er ferdige.
Byen: Har alt ein treng. Sjarmerande og typisk latin-amerikansk. Hest og kjerre som framkomstmiddel er eit vanleg syn i gatene og ein heil familie på ein stk moped er no problemo.
Utelivet: Veldig ok. Konsert kvar onsdag og salsa kvar torsdag. Begge har meldt seg på salsakurs, me skal bli innmari gode på å vrikke på stumpen. Får håpe Norge taklar det!
Rommet vårt: Stort, lyst, fint, flott. Viktig: eget bad, egen vifte.
Været: I og med at det er regntid er det litt opp og ned, men me har hatt mest sol og sjølv om det regnar er det framleis varmt og godt.