søndag 7. november 2010

Baseball og boksekamp på ein og same dag

På laurdag var Susanne og 5 andre på baseballkamp borti høgget her. Det var stas! I Nicaragua er baseball nasjonalsporten, så det er alltid stor oppslutning og ståhei når det er kampar. Denne dagen spela Leon mot Managua, og kampen vart filma og sendt på tv. Difor var det ekstra kjekt når mannen filma oss chelas i pausen og me vinka for harde livet. Me likar å tru at dette var våre fifteen minutes of fame i Nicaragua! Me måtte sjølvsagt òg kjøpe hotdog og øl slik at me verkjeleg kunne leve oss inn i miljøet på tribunen.

Hotdog er nødvendig på einkvar baseballkamp!




Stor tribune+masse folk


Leon i kvite draktar og Managua i grå. Me tykte Leon var best. Ingen protest, osv.
 Ellers var me òg på boksekamp same dagen, og dette var om mogleg enda meir spanande enn baseball! I og med at boksing ikkje er favoritt sporten, var det likevel kjekt å få med seg når ein først har høve. Heile seansen bestod av 12 kampar med 4-6 rundar kvar gong, og om sant skal seiast må me innrømme at me sat og vrei oss i smerte på bokserane sine vegner under dei første kampane, men dette gjekk snart over (veit ikkje om det er ein bra ting eller ikkje?!). Så etter nokre rundar var me bitt av basillen og heia saman med dei andre lokale tilskodarane. Rop som "vamose Juan", "eso,eso Black machine (ja, den eine deltakaren kalla seg det)", eller "vale,vale,vale Carlos" hagla over ringen. Det mest dramatiske under den 3 timar lange kampen var nok då Susanne fekk seg ein dusj av svette etter ein velretta venstrehook frå Rudi "El Rey" Garcia. Dette takla ho ved å tørke det fint av med ein kvit serviett.     


Elisabeth, "Black Machine", Susanne og Marre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar