tirsdag 11. januar 2011

Diverse bilete frå Brasil

Ovedie, Sofie, Susanne og Elisabeth foran hostellet i Cabo Frio

Kule jenter foran solnedgangen i Buzios

Buzios

Eit hostelrom og fem jenter

Nyttårsfeiring i Rio de Janeiro


Når det gjeld Rio de Janeiro må ein jo fyrst og fremst nemne speedoen. Brasil sin nasjonaldrakt. Lenge leve Speedo! Halleluja. Kven er det som ikkje passar ein speedo? Eg berre spør! Jo, alle passar speedo, lang som kort, tjukk som tynn, vaskebrett som vaskeball. You name it! Kor fint er det ikkje å leggje seg ned på den fine, kvite sanden og bare nyte konturane utanpå ei lita kvit badetruse der framme i horisonten? Dette paradiset har me oppdaga i Rio, og me kjem definitivt til å sakne det!

Ellers kan me fortelje at me møtte våre kjære venner Maren, Kristine, Ovedie, Sofie, Alexander og Elisabeth som me studerte med i Nicaragua, i Rio. Dette var stor stas, og me vanka saman langs Copacabana og Ipanema sine strandpromenadar både dag og natt!

Nyttårsafta og dei to påfylgjande nettene hadde Susanne, Sofie, Ovedie og Elisabeth leigd oss rom på Hotell Intercontinental for å skjemme oss litt bort etter månader med dorms og unisexbad. Dette var herlegt! Det aller fyrste me gjorde var å hoppe i badekåpene, bestille roomservice og sjå på brasilianske såpeseriar. Deretter luska me rundt i gangane etter traller som vaskedamene hadde gløymd att, for så å fylle lommene våre med gratis såpe, fyrstikker, bodylotion og små sysett.

Nyttår på Copacabana var kult! Meir enn kult! Det var topp! Toppen! Heile stranda var fyllt med 2 millionar kvitkledde menneskjer (antallet fann me ut då me las nyhetene neste dag), og fyrverkeriet klokka 12 var det mest fantastiske fyrverkeriet me nokon gong har sett. Alle dansa på stranda, og det var mange scener rundtomkring der ulike kjende artistar sang og spela. Kor gjekk alle desse menneskja på do lurar de sikkert på. Jo, det var mobile do langs heile strandpromenaden, men kvifor gå der når ein bare kan vasse ut til hoftene i sjøen og i tillegg få seg ein frisk sjøsprøyt i samme slengen? Ein såg lett kven av damene som bare bada og kven som ikkje, for dei som stakkarane som var nødne, stod bom stille og såg utover den mørke horisonten med eit salig og samtidig konsentrert blikk medan dei prøvde å holde kjolen oppe så godt dei kunne. Det var nok ikkje enkelt!

Formiddagen etter den storslåtte feiringa vart for det meste tilbrakt i kvilestilling på hotelltommet. Godt var det då at me hadde ei stor, mjuk seng og eit fint hotell! Det som derimot ikkje var fullt så fint var at ein hotellansatt låste seg inn og tok bilete av Susanne og Sofie med mobilen sin medan me låg og sov. Grunnen til at me oppdaga det var at han hadde walkietalkie som vekka oss opp akkuratt då han hadde fått eit blikskudd oss der me sov i henholdsvis bikini og kjole, utan dyne på. Då han skjøna at han var busta, stappa han mobilen i lomma og sprang ut. Det vart mykje oppstyr etter det, og alt enda med at mannen fekk sparken, og me fekk dekka roomservice rekninga, gratis champagne og gratis hotell når me kjem att den 16.januar. Ein fin kompensasjon tykte me:D


mandag 20. desember 2010

Feliz Navidad, Amazonas og Buenos Aires!!

Det nærmar seg jul, men me er ikkje heilt inni julemodus. Iallefall ikkje endå. Me stiller oss litt ambivalente til jula. Det er kjekt med julestemning og alt som høyre med, men me er jo ikkje heime i Noreg, og me er ikkje klare for å sakne Noreg endå. Uansett kjem me her i Sør- Amerika ikkje unna glitter og stas no som det nærmar seg jul. 

Då me budde i Nicaragua følte me at kvar gong me var innom la union , vårt lokale supermarkado (det største i Leon) hadde dei utvida med ny julepynt. Dei hadde eit overpynta juletre, dei hadde Jesus i krybba pakka, og heile Jesusgjengen var der utført i porselen på storleik med mennesker. På supermarkedet var det og sjølvsagt ballongar i dei tradisjonelle julefargane, masse ballongar, for mange ballongar! For å ikkje gløyme dei store julekulene og dei ulike julefigurane i papp og plast. Trur at det på eit tidspunkt var meir julepyntting enn det var varer i butikken.
Etter å ha vore i Peru ser me høve for å generalisere denne overpynta julagreia. Me trur at heile Sør Amerika er overpynta med glorete, jallapynt, så å unngå jula blir vanskeleg...

Så, det var ein juledigresjon. Dagens bloggtema er amazonasjungelen. Vi har vore der! Kult! Ramma for turen var: Me skulle reise til Amazonas, og der skulle me bu i ein såkalla Amazon Refugee logde i to netter (turen var ei forlenging av Machu Picchu-trailen). Ein logde eller naturpark der alt var laga i harmoni med naturen. Guiden sa så! Me hadde ikkje straum på rommet og me måtte bruke stearinlys. Rommet var opent, dvs det hadde ikkje vindauge og heller ingen vegg ut mot skogen. Me skulle få ei oppleving av å sove ute midt i Amazonas, og det følte me verkjeleg. Me sovna til rare amazonaslydar, og vakna opp til rare amazonaslydar. Fantastisk!

Amazonasutflukta starta med fly frå Cuzco, Peru, deretter 45 min i buss, så 2 timar med båt. Me kom fram til logden på kvelden. Etter ein god middag bar det ut i båt for å finne kaymaner som er ein krokedillesort, mindre enn sterotype krodillen. Me såg fire. Fascinerande!

Etter denne krokodilleoppturen, gjekk det nedover. Midt utpå amazonaselva, klokka 10 om kvelden i bekmørket stoppa båten vår. Båten resignerte, og me sat der skrekkslegne. Guiden vår byrja å ro, og me viste ikkje om me skulle byrje og le eller grine. Det heile var litt surrealistisk.
Etter ei stund byrja guiden vår å lage nødsignal med lommelykta si. Heldigvis var det ein båt eit stykke vekke, men båten sin eigar, sikkert ein lokal fiskar, skjøna absolutt ikkje kva som skjedde. Han tenkte vel at dette var ein vanleg og highfashion guiderutine - all den blinkinga med lommelukta. Guiden vår byrja å rope: Corrè! Corrè! (Hjelp! Hjelp!)

Etter ein halvtime padling, og eit par rop og heftige lommelyktsignal seinare fekk me kontakt med denne lokale fiskaren. Han hjalp oss tilbake til kaia og utgangspunktet, og me kom oss trygt tilbake til logden. Me kunne pusta letta ut!

Neste dag var full av aktivitetar (det kan høyrast ut som me har vorte bortvist på summercamp, men det hadde me ikkje!). Me starta med ein tur til ein lokal farm. På farmen dyrka dei ulike sortar frukt, banan, appelsin, mandarin, mango osv. Me fekk sjå kaffiplantar, sjokoladeplantar, og kakaoplantar. Guiden hadde peiling, og fekk fram korleis folk i Sør – Amerika har planter eller frukter som kan kurere det meste, alt frå å styrkje og gjere tennene kvitare til å forbetre sex-livet. Dei hadde noko for alt på denne farmen!

Etter dette vellykka farmbesøket bar det ut på gåtur i bushen. Gåturen leia oss til eit stort tårn der me fekk god utsikt over landskapet- fantastisk!! Etter tårnturen bar det vidare til ein liten innsjø med nydeleg, stille vatn- vilt og grønt. Me blei plassert i ein liten ustabil trebåt der sjansen for kvelving var 70% (men me kvelva ikkje!!! - Så no har me overlevd både Machu Picchuu og ein ustabil trebåt!). På denne ustabile båtturen såg me nokre fantastiske fuglar og ein heil haug med flaggermus Kult. Rått.

Amazonas er flott folkens! Terningkast 5 på ein skala frå 1 – 6. Reis dit! Me hadde håpa på å sjå meir dyr, ville dyr! Me ville vel eigentleg berre ha det villare og råare!!Verkeleg føle oss som i eit med naturen, som urfolk! Me såg for oss å springe halvnakne gjennom skogen, jakte på dyr, lage ugbug – lydar osv, men det blir litt vanskeleg når ein må følgje eit gruppeopplegg med omsyn til resten! Me får ta det att neste gong! Avslutningsvis, alt i alt var dette opplegget ei super ramme for ein tur til amazonas. Anbefalast på det sterkaste!

To be continued: Meir om Buenos Aires, Argentina og førjulstid på reisefot kjem i neste nr. av Hanna og Susanne sin blogg:)
Formiddagsmat rett frå bananbladet  

Solnedgang over Amazonaselva

Rommet vårt med utskt rett ut i regnskogen. Ingen vegg, ingen glas, ingen gitter- berre rå natur! Slik me likar det

Hanna glir i ett med naturen som ein kamelon

Baren på lodgen


Tur på innsjøen i ein båt som hadde 2,5cm ripe over vatnet




tirsdag 7. desember 2010

Den laaaaange vegen til Machu Picchu


Den 30 november landa me i eit kaldt land langt, langt vekke, og kalla Peru. Sjølv om det var rundt 17 grader då me kom ut av flyet i Lima, byrja me allereie å få gåsehud. Dette var definitivt ikkje 35 grader og Nicaragua. I og med at me landa ganske seint, var det einaste me fekk sjå av Lima eit supermarked rundt hjørnet for hotellet vårt. For nokre kan det kanskje høyres keisamt ut å tilbringe ein kveld på eit supermarked, men tru oss, dette var ikkje berre eit vanleg supermarked, det var det beste supermarkedet ein kan tenkja seg!!! Det hadde alt, ALT! Det syns vertfall me som har vore vande med å velgje mellom 3 typar brød eller 4 typar sjokolade i Leon. Heile sulamitten enda i ein heidundrande tapas-buffet på nattordet på hotellrommet klokka 11 om kvelden. Me kosa oss!



Dagen etter reiste me til Cusco, som er ein fantastisk fin by i Peru! Her såg me oss litt rundt, og fekk me sjå levande froskar, daude froskar, 7 eselmular på eit fat, masse blomar, peruanske damer med lange fletter, hatt og fargerike sjal, inkabygningar som hadde fått namnet "Sexy woman", og litt til.


Cusco.

Ei kvinne og eit barn me fekk love å ta bilete av. Det var stas for begge partar!



Fin utsikt.

Den 3 desember byrja me InkaTrail. For dei som ikkje veit kva det er, så er det ein 45 km lang veg/sti i Andesfjella som byrjar i Ollytambabo (huskar ikkje heilt namnet, men trur det er sånn ca rett) og endar på Machu Picchu.


Det kan sjå ut som om det er eit bilete frå første skuledag, men nei, det er gruppa vår ved starten av InkaTrail.

Me byrja å gå tidleg om morgonen, og såg lyst på livet. Dette kjem til å gå som smurt tenkte me, og traska i veg med i det eine paret med skor me hadde med oss. Og det gjekk som smurt og! Den første dagen. Den andre dagen var det verre med. Då skulle me gå i trapper 5 timar rett opp fjellet Warmiwanusca, frå 3000moh og til 4200moh. Dette var ingen kjære mor. I det heile! For å verkjeleg skjøne korleis det var, kan me gje eit lite utdrag av tankane som flaug gjennom hovuda våre medan me kjempa oss fram, meter for meter:
- Viss me latar som me besvimar av høgdesjuka nå, då får me sikkert lov å snu å gå ned att.
-Etter denne turen skal me aldri gå ein meter!
- Kvifor i all verden meldte me oss på denne turen når me kunne tatt toget i to timar i staden?
- Om me går eit steg meir nå, då døyr me!

Etter å ha gått i omlag 5 timar, kom me mot alle odds til toppen av fjellet! Det var ei fantastisk kjensle. Utsikten var nydeleg, og me visste at om klarde dette, då kunne me klare ALT, nesten vertfall. Alt strevet for å komme opp vart fort gløymd, og me byrja på den etterlengta nedturen.

To stolte høner 4200moh.
Den tredje dagen gjekk fint, trass i våte skor og støle leggar. Me fekk sjå fleire inka ruinar langs vegen, og utsikten var utruleg.


   

Den fjerde og siste dagen, altså i går, byrja for vår del allereie klokka halv 4 om natta. For å rekke å sjå Machu Picchu i soloppgongen måtte me byrje tidleg, og gå to timar til «The sun gate». Halv 6 var me framme, trøytte og slitne, men me hadde nådd målet vårt etter 4 dagar, og me var meir enn godt nøgde og stolte! Machu Picchu var absolutt verdt å få med seg, og sannsynlegvis noko me kjem til å hotte for alltid. Abefalast! Seksar på terningen. Tommel opp!
  

MACHU PICCHU


Utsikten frå teltopninga vår den andre natta.

To kule jenter ved ein av inkalandsbyane langs vegen












 


søndag 7. november 2010

Baseball og boksekamp på ein og same dag

På laurdag var Susanne og 5 andre på baseballkamp borti høgget her. Det var stas! I Nicaragua er baseball nasjonalsporten, så det er alltid stor oppslutning og ståhei når det er kampar. Denne dagen spela Leon mot Managua, og kampen vart filma og sendt på tv. Difor var det ekstra kjekt når mannen filma oss chelas i pausen og me vinka for harde livet. Me likar å tru at dette var våre fifteen minutes of fame i Nicaragua! Me måtte sjølvsagt òg kjøpe hotdog og øl slik at me verkjeleg kunne leve oss inn i miljøet på tribunen.

Hotdog er nødvendig på einkvar baseballkamp!




Stor tribune+masse folk


Leon i kvite draktar og Managua i grå. Me tykte Leon var best. Ingen protest, osv.
 Ellers var me òg på boksekamp same dagen, og dette var om mogleg enda meir spanande enn baseball! I og med at boksing ikkje er favoritt sporten, var det likevel kjekt å få med seg når ein først har høve. Heile seansen bestod av 12 kampar med 4-6 rundar kvar gong, og om sant skal seiast må me innrømme at me sat og vrei oss i smerte på bokserane sine vegner under dei første kampane, men dette gjekk snart over (veit ikkje om det er ein bra ting eller ikkje?!). Så etter nokre rundar var me bitt av basillen og heia saman med dei andre lokale tilskodarane. Rop som "vamose Juan", "eso,eso Black machine (ja, den eine deltakaren kalla seg det)", eller "vale,vale,vale Carlos" hagla over ringen. Det mest dramatiske under den 3 timar lange kampen var nok då Susanne fekk seg ein dusj av svette etter ein velretta venstrehook frå Rudi "El Rey" Garcia. Dette takla ho ved å tørke det fint av med ein kvit serviett.     


Elisabeth, "Black Machine", Susanne og Marre

tirsdag 2. november 2010

Regn i Nicaragua

Når det først regnar i Nicaragua så regnar det mykje! Heldigvis er det sumar nå ,og me har blitt lova at det ikkje skal kome meir regn på 3 månadar. Dette likar me:)


mandag 1. november 2010

Jaggu sa me smør..

I Nicagaragua er det ein del skikkar og vanar som for oss nordmenn framstår som litt rare og svært annerledes. I starten heva me augnebryna når me såg desse, men etterkvart har me vorte vande med dei. Likevel har me prøvd å samle eit par av dei slik at dykk heime kan få litt underhaldande lesestoff: 

-Plastikkposar. Av ein eller anna grunn drikk dei lokale alt av veske, anten det er vatn, jus eller brus av- hold dykk fast: plastikkposar!!! På rarhetsskalaen ligger denne skikken ganske høgt! Kjøper ein take-away mat på restaurant får ein og alltid med diverse krydder i, ja, små plastikkposar. Me har til og med opplevd at kelneren har tømt colaen vår frå boksen og i ein pose før me får den med oss heim.

- Når me leverar kleda våre til vask på det fransk/spanske vaskeriet på hjørnet er det alltid billigare om me leverar dei til dama som jobbar der, enn om me gjer dei til mannen. Ikkje berre rart, men og til tider dyrt!

-Når ein tek taxi prøver alltid sjåføren å fylle opp bilen med andre passasjerar, og slepp deretter av den som bur nermast der den skal. Det kostar likvel berre 15cordobas per stykk, noko som tilsvarar 5 norske kroner.

- Om du er så uheldig at du må til legen kan du alltid rekne med å komme ut derfra med ein respet på 6 ulike medisinar. Har du vondt i halsen får du ofte medisin mot magen, hovudet og nakken i tillegg!

-  Klesmoten! Om det er nokon som fremdeles likar moten for 10 år sidan med korte toppar, slengbukser og store belter over magen er det berre å sende ned ei handleliste så skal me forsyne dykk med alt dykk treng!

- Gyngestolar! Kva er det med gyngestolar i latin-Amerika? Ikkje det at me ikkje likar dei, elskar dei, men me kan garantert telje på ei hand alle stolane me har sett som ikkje gyngar!

- Steik ost! Naaaaaaam!!! Kvifor har me ikkje dette i Norge?

- Laaaaange sandstrender utan solhungrige turistar! Bra for oss, men synd for alle som går glipp av strandparadiset i Nicaragua.