tirsdag 11. januar 2011

Nyttårsfeiring i Rio de Janeiro


Når det gjeld Rio de Janeiro må ein jo fyrst og fremst nemne speedoen. Brasil sin nasjonaldrakt. Lenge leve Speedo! Halleluja. Kven er det som ikkje passar ein speedo? Eg berre spør! Jo, alle passar speedo, lang som kort, tjukk som tynn, vaskebrett som vaskeball. You name it! Kor fint er det ikkje å leggje seg ned på den fine, kvite sanden og bare nyte konturane utanpå ei lita kvit badetruse der framme i horisonten? Dette paradiset har me oppdaga i Rio, og me kjem definitivt til å sakne det!

Ellers kan me fortelje at me møtte våre kjære venner Maren, Kristine, Ovedie, Sofie, Alexander og Elisabeth som me studerte med i Nicaragua, i Rio. Dette var stor stas, og me vanka saman langs Copacabana og Ipanema sine strandpromenadar både dag og natt!

Nyttårsafta og dei to påfylgjande nettene hadde Susanne, Sofie, Ovedie og Elisabeth leigd oss rom på Hotell Intercontinental for å skjemme oss litt bort etter månader med dorms og unisexbad. Dette var herlegt! Det aller fyrste me gjorde var å hoppe i badekåpene, bestille roomservice og sjå på brasilianske såpeseriar. Deretter luska me rundt i gangane etter traller som vaskedamene hadde gløymd att, for så å fylle lommene våre med gratis såpe, fyrstikker, bodylotion og små sysett.

Nyttår på Copacabana var kult! Meir enn kult! Det var topp! Toppen! Heile stranda var fyllt med 2 millionar kvitkledde menneskjer (antallet fann me ut då me las nyhetene neste dag), og fyrverkeriet klokka 12 var det mest fantastiske fyrverkeriet me nokon gong har sett. Alle dansa på stranda, og det var mange scener rundtomkring der ulike kjende artistar sang og spela. Kor gjekk alle desse menneskja på do lurar de sikkert på. Jo, det var mobile do langs heile strandpromenaden, men kvifor gå der når ein bare kan vasse ut til hoftene i sjøen og i tillegg få seg ein frisk sjøsprøyt i samme slengen? Ein såg lett kven av damene som bare bada og kven som ikkje, for dei som stakkarane som var nødne, stod bom stille og såg utover den mørke horisonten med eit salig og samtidig konsentrert blikk medan dei prøvde å holde kjolen oppe så godt dei kunne. Det var nok ikkje enkelt!

Formiddagen etter den storslåtte feiringa vart for det meste tilbrakt i kvilestilling på hotelltommet. Godt var det då at me hadde ei stor, mjuk seng og eit fint hotell! Det som derimot ikkje var fullt så fint var at ein hotellansatt låste seg inn og tok bilete av Susanne og Sofie med mobilen sin medan me låg og sov. Grunnen til at me oppdaga det var at han hadde walkietalkie som vekka oss opp akkuratt då han hadde fått eit blikskudd oss der me sov i henholdsvis bikini og kjole, utan dyne på. Då han skjøna at han var busta, stappa han mobilen i lomma og sprang ut. Det vart mykje oppstyr etter det, og alt enda med at mannen fekk sparken, og me fekk dekka roomservice rekninga, gratis champagne og gratis hotell når me kjem att den 16.januar. Ein fin kompensasjon tykte me:D


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar