Nå byrjar det å verte ei stund sidan sist, difor skal me prøve å oppsummere kva me har gjort i dette fantastiske landet den siste tida. Ikkje sist helg, men helga før der reiste dei fleste elevane ned til ein surfeby som heiter San Juan del Sur, og som ligg på grensa til Costa Rica. Der tok me inn på eit relativt shabby men kjekt hostel som hadde bar på taket med flott utsikt over stranda. Planen var at me alle skulle lære oss å surfe, men då laurdagen kom og alle var slitne etter kvelden før, valgte me å utsette det til neste dag og heller slappe av på stranda. Det var ikkje så lurt, for då søndagen kom var me fremdeles slitne, og bestemte oss for å heller reise tilbake ei anna helg og lære oss å surfe! I stedet fant me oss eit fint hotell oppe i åsen der me slappa av i bassenget med utsikt over byen. Herligt!
Ellers har me vore på båttur i mangroveskogen, og såg masse fine dyr. Alle fekk halde ein iguan som guiden vår fanga, og han fekk namnet Bueno, som tyder fin! Fordi han var fin. Men mest grønn. Det var mange ulovlege fiskegarn i elva, så guiden vår nytta anledninga til å renske nokre av garna for fisk slik at han sikra seg middag og kvelds. Ikkje dumt! Me tok ein lokalbuss heim frå turen, så nå kan me seie at me har opplevd det verkjelege Nicaragua. Nesten vertfall.
På fredag vart Susanne frastjåle veska si på ein restaurant av ein politimann. Det var heilt udramatisk, og politimannen har nok berre lurt den forsiktig med seg. Ikkje greit! Susanne såg han att i går og gav han eit par stygge blikk, men turde ikkje å dra fram peikefingen for å kjefte på han. Uansett, lenge leve reiseforsikring!
Forutan skule har me funne kvar vårt frivillge arbeid som me engasjerar oss i. Hanna lærer ungdommar og vaksne engelsk på ein skule i nærleiken, medan Susanne hjelper til på eit dagsenter for born som ikkje går på skule i den fattige delen av byen. Me tykkjer det kjempe kjekt begge to, og ikkje minst interesant å få eit djupare innblikk i korleis barn og ungdommar har det i dette landet.
Lærarane våre har oppfordra oss til å finne spansktalande personar som me kan prate med, og som me kan lære engelsk mot at dei lærer oss spansk. Dette er tydeligvis svært vanleg, då det "beste" sjekketrikset på byen er: We can meet at my place tomorrow and I can learn you spanish, ok?
Likevel har me fått oss kvar vår spanske "venn", men møtene føregår berre ute på cafe og i organiserte formar:D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar