torsdag 9. september 2010

Livet i Nicaragua

Etter to heile veke pluss nokre dagar her nede i Nicaragua er det nå på tide å ta det første steget ut i bloggverda. I og med at ingen av oss har skrive eller lest særleg mange bloggar før, bed me dykk om å være tålmodige med oss! Uansett tenkjer me at dette skal gå fint:)

Den store amerikareisa vår starta ein sjeldan solfylt fredag i Bergen for to veker sidan. Me reiste tidleg om morgonen og skulle eigentleg berre mellomlanda i Shiphol eit par timar, før me skulle vidare til Panama, så siste stopp Leon, Nicaragua. Men slik skulle det altså ikkje gå! Etter å ha venta i seks timar på flyplassen fekk me vite at det var problem med flyet og at alle passasjerane måtte overnatte på eit hotell i nærheten. Etter å ha kjent på panikken for at me nå måtte ombooke heile reiseruta vidare, satte me oss ned og bestemte oss for å være positive! Her hadde me jo muligheten til å sjå Amsterdam, og det gjorde me:)
Mykje av det kan me takke Kristian og Jarle for. Kristian hadde me kome i snakk med på flyet, han skulle på jobboppdrag i Panama city, og Jarle møtte me i køen på flyplassen i Amsterdam (han skulle også ta same fly som oss til Panama). Fint å ha to staute karar ved sin side når ein skal tråle gatene i Amsterdam! Jarle skal og komme å besøke oss i Leon, noko me gledar oss veldig til:)

Her i Leon er livet topp!

Skulen: Ligg strategisk plassert på stranda slik at me kan sole oss og bade i kvar pause og etter at timane er ferdige.
Byen: Har alt ein treng. Sjarmerande og typisk latin-amerikansk. Hest og kjerre som framkomstmiddel er eit vanleg syn i gatene og ein heil familie på ein stk moped er no problemo.
Utelivet: Veldig ok. Konsert kvar onsdag og salsa kvar torsdag. Begge har meldt seg på salsakurs, me skal bli innmari gode på å vrikke på stumpen. Får håpe Norge taklar det!
Rommet vårt: Stort, lyst, fint, flott. Viktig: eget bad, egen vifte.
Været: I og med at det er regntid er det litt opp og ned, men me har hatt mest sol og sjølv om det regnar er det framleis varmt og godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar