søndag 31. oktober 2010

Corinto

I dag har ein del av elevane vore på tur til ein hamneby som heiter Corinto med kreftsjuke born og foreldra deira. Det var ei oppleving! Turen var i regi av Joakim som samla inn pengar, leigde buss og ordna med mat og underhaldning på stranda. Dagen gjekk for det meste i bading eller leiking i vasskanten, og det var stor stas for alle. Mange av borna hadde aldri sett havet før, og alle var kjempe begeistra. Dei var heller ikkje så vande med lyse jenter (og eit par gutar) som hadde lyst å klemme på dei søte små heile tida, men dette såg ikkje ut til å plage dei i det heile! Allerede på bussen ned til Corinto fekk Susanne seg ein god venn som var utruleg facinert av håret hennar som han meina likna på gull! Han leika med det og lukta på det, og då me skulle av bussen fekk ho eit stort, vått kyss planta  midt på truten og eit "te amo" før han sprang avgårde for å symje. Det varma eit norsk hjarta:)
Mange av familiane var fattige og hadde ikkje nok pengar til behandling for borna sine. Overskuddet av det me samla inn i dag går til kreftbehandling for born, men det er trist å tenkje på at det er langt fra nok!!


                                        

                                            

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar