tirsdag 19. oktober 2010

Sidan sist..

Ja nå er det ei stund sidan sist (igjen) og det siste nye er at Hanna har fått sin kjære Erlend på besøk, hurra :D Han kom på fredag og skal være i Leon i tre veker! Dette var nok kanskje den største bursdagsgaven Hanna kunne fått, i og med at ho vart heile 24 år på laurdag. Dette vart feira tre dagar til endes med storslått jebuskalas på Santiago (hostellet vårt) på kvelden. Der vart det servert nicaraguansk is, som forøvrig smaka mistenkjeleg likt norsk is, og nonstop som Erlend hadde frakta med seg heile den lange vegen over Atlanterhavet! Det var fantastisk godt. Erlend er ein snill gut! I og med at kjærasteparet ville ha litt kvalitetstid saman bur dei nå på hostell. Sidan eg, Susanne, til tider synes det er ugreit å sove åleine har eg klart å overtale Elisabeth og Ida til å dele på å sove i Hanna si seng. Dette er kjekt og me har pysjamsparty kvar kveld!

Ellers har me gløymd å fortelle om jungeltelegrafen her i Nicaragua som er eit fenom noko heilt utanom det vanlege! Aldri har me opplevd så mykje sladder i heile våre liv, og det skal seiast at me (nå skal nå ikkje eg snakke for Hanna, men eg tenkjer det gjeld henne og) har opplevd mykje! Ryktene i denne byen går raskare enn ild i kjempe tørt gras, og ofte blir ei fjær til hundretusen høner. Me har prøvd å analysere kvifor det verserar så mykje rykter i Leon, og etter mykje feltarbeid har me funne ut at det botnar i nicakulturen. I Nicaragua er det nemleg ikkje berre kvinner som sladrar, mennene er faktisk verre! Om me då plussar på 67 norske elevar der 59 er jenter og som alle lever i ei lita boble, vert det fort mykje snakk. Eg skal ikkje sei at eg ikkje likar det, men det er forunderleg! Eit døme er ein historie me vart fortald for eit par veker sidan der ein norsk elev vart rana i Managua medan han var på dagstur der. Dei som fortalde det sa at ranaren til og med tok skoa hans! Oi, sa me, og vart kjempe overraska! Samme dag spurte me den uheldige eleven om han hadde fått kjøpt seg nye skor etter den fatale Manugaturen, og til dette svarte han at han ikkje var blitt rana og at han aldri hadde vore i Managua! Hoho. Snakka oss om!

Sist veke var eg på kino i dette landet for første gong. Det var svært kjekt, men svært kaldt! Enten er det ingen aircondition eller så er det full guff og 15grader. Neste gong skal eg ta på meg bukse og sjal, noko mine kinodates hadde gjort pga tidlegare erfaringar. Det som er litt rart med kinoen her, er at dei alltid visar ein ny film og to gamle. Menmen, me skal ikkje klaga! Salen var dessuten veldig fin, og kunne glatt målt seg meg Magnus Barfot i Bergen.

Nå skal eg jobbe med spansk innlevering som har frist på fredag, og etter det skal eg belønne meg sjølv med ei god natts søvn!
Hasta luego!
Susanne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar