tirsdag 7. desember 2010

Den laaaaange vegen til Machu Picchu


Den 30 november landa me i eit kaldt land langt, langt vekke, og kalla Peru. Sjølv om det var rundt 17 grader då me kom ut av flyet i Lima, byrja me allereie å få gåsehud. Dette var definitivt ikkje 35 grader og Nicaragua. I og med at me landa ganske seint, var det einaste me fekk sjå av Lima eit supermarked rundt hjørnet for hotellet vårt. For nokre kan det kanskje høyres keisamt ut å tilbringe ein kveld på eit supermarked, men tru oss, dette var ikkje berre eit vanleg supermarked, det var det beste supermarkedet ein kan tenkja seg!!! Det hadde alt, ALT! Det syns vertfall me som har vore vande med å velgje mellom 3 typar brød eller 4 typar sjokolade i Leon. Heile sulamitten enda i ein heidundrande tapas-buffet på nattordet på hotellrommet klokka 11 om kvelden. Me kosa oss!



Dagen etter reiste me til Cusco, som er ein fantastisk fin by i Peru! Her såg me oss litt rundt, og fekk me sjå levande froskar, daude froskar, 7 eselmular på eit fat, masse blomar, peruanske damer med lange fletter, hatt og fargerike sjal, inkabygningar som hadde fått namnet "Sexy woman", og litt til.


Cusco.

Ei kvinne og eit barn me fekk love å ta bilete av. Det var stas for begge partar!



Fin utsikt.

Den 3 desember byrja me InkaTrail. For dei som ikkje veit kva det er, så er det ein 45 km lang veg/sti i Andesfjella som byrjar i Ollytambabo (huskar ikkje heilt namnet, men trur det er sånn ca rett) og endar på Machu Picchu.


Det kan sjå ut som om det er eit bilete frå første skuledag, men nei, det er gruppa vår ved starten av InkaTrail.

Me byrja å gå tidleg om morgonen, og såg lyst på livet. Dette kjem til å gå som smurt tenkte me, og traska i veg med i det eine paret med skor me hadde med oss. Og det gjekk som smurt og! Den første dagen. Den andre dagen var det verre med. Då skulle me gå i trapper 5 timar rett opp fjellet Warmiwanusca, frå 3000moh og til 4200moh. Dette var ingen kjære mor. I det heile! For å verkjeleg skjøne korleis det var, kan me gje eit lite utdrag av tankane som flaug gjennom hovuda våre medan me kjempa oss fram, meter for meter:
- Viss me latar som me besvimar av høgdesjuka nå, då får me sikkert lov å snu å gå ned att.
-Etter denne turen skal me aldri gå ein meter!
- Kvifor i all verden meldte me oss på denne turen når me kunne tatt toget i to timar i staden?
- Om me går eit steg meir nå, då døyr me!

Etter å ha gått i omlag 5 timar, kom me mot alle odds til toppen av fjellet! Det var ei fantastisk kjensle. Utsikten var nydeleg, og me visste at om klarde dette, då kunne me klare ALT, nesten vertfall. Alt strevet for å komme opp vart fort gløymd, og me byrja på den etterlengta nedturen.

To stolte høner 4200moh.
Den tredje dagen gjekk fint, trass i våte skor og støle leggar. Me fekk sjå fleire inka ruinar langs vegen, og utsikten var utruleg.


   

Den fjerde og siste dagen, altså i går, byrja for vår del allereie klokka halv 4 om natta. For å rekke å sjå Machu Picchu i soloppgongen måtte me byrje tidleg, og gå to timar til «The sun gate». Halv 6 var me framme, trøytte og slitne, men me hadde nådd målet vårt etter 4 dagar, og me var meir enn godt nøgde og stolte! Machu Picchu var absolutt verdt å få med seg, og sannsynlegvis noko me kjem til å hotte for alltid. Abefalast! Seksar på terningen. Tommel opp!
  

MACHU PICCHU


Utsikten frå teltopninga vår den andre natta.

To kule jenter ved ein av inkalandsbyane langs vegen












 


2 kommentarer:

  1. Wow! Det ser helt fantastisk ut! Det bildet av dere med Macchu Picchu i bakgrunnen ser jo ut som en postkort! Dere er utrolig heldige. Skulle gjerne vært der med dere.

    SvarSlett
  2. Da såg litt kjekt ut, men eg veit ikkje om eg ville bytta da ut med minusgrade og eksamen^4.

    SvarSlett