søndag 31. oktober 2010

Corinto

I dag har ein del av elevane vore på tur til ein hamneby som heiter Corinto med kreftsjuke born og foreldra deira. Det var ei oppleving! Turen var i regi av Joakim som samla inn pengar, leigde buss og ordna med mat og underhaldning på stranda. Dagen gjekk for det meste i bading eller leiking i vasskanten, og det var stor stas for alle. Mange av borna hadde aldri sett havet før, og alle var kjempe begeistra. Dei var heller ikkje så vande med lyse jenter (og eit par gutar) som hadde lyst å klemme på dei søte små heile tida, men dette såg ikkje ut til å plage dei i det heile! Allerede på bussen ned til Corinto fekk Susanne seg ein god venn som var utruleg facinert av håret hennar som han meina likna på gull! Han leika med det og lukta på det, og då me skulle av bussen fekk ho eit stort, vått kyss planta  midt på truten og eit "te amo" før han sprang avgårde for å symje. Det varma eit norsk hjarta:)
Mange av familiane var fattige og hadde ikkje nok pengar til behandling for borna sine. Overskuddet av det me samla inn i dag går til kreftbehandling for born, men det er trist å tenkje på at det er langt fra nok!!


                                        

                                            

Nokre bilder for dei som lurar på korleis det ser ut her nede











tirsdag 19. oktober 2010

Sidan sist..

Ja nå er det ei stund sidan sist (igjen) og det siste nye er at Hanna har fått sin kjære Erlend på besøk, hurra :D Han kom på fredag og skal være i Leon i tre veker! Dette var nok kanskje den største bursdagsgaven Hanna kunne fått, i og med at ho vart heile 24 år på laurdag. Dette vart feira tre dagar til endes med storslått jebuskalas på Santiago (hostellet vårt) på kvelden. Der vart det servert nicaraguansk is, som forøvrig smaka mistenkjeleg likt norsk is, og nonstop som Erlend hadde frakta med seg heile den lange vegen over Atlanterhavet! Det var fantastisk godt. Erlend er ein snill gut! I og med at kjærasteparet ville ha litt kvalitetstid saman bur dei nå på hostell. Sidan eg, Susanne, til tider synes det er ugreit å sove åleine har eg klart å overtale Elisabeth og Ida til å dele på å sove i Hanna si seng. Dette er kjekt og me har pysjamsparty kvar kveld!

Ellers har me gløymd å fortelle om jungeltelegrafen her i Nicaragua som er eit fenom noko heilt utanom det vanlege! Aldri har me opplevd så mykje sladder i heile våre liv, og det skal seiast at me (nå skal nå ikkje eg snakke for Hanna, men eg tenkjer det gjeld henne og) har opplevd mykje! Ryktene i denne byen går raskare enn ild i kjempe tørt gras, og ofte blir ei fjær til hundretusen høner. Me har prøvd å analysere kvifor det verserar så mykje rykter i Leon, og etter mykje feltarbeid har me funne ut at det botnar i nicakulturen. I Nicaragua er det nemleg ikkje berre kvinner som sladrar, mennene er faktisk verre! Om me då plussar på 67 norske elevar der 59 er jenter og som alle lever i ei lita boble, vert det fort mykje snakk. Eg skal ikkje sei at eg ikkje likar det, men det er forunderleg! Eit døme er ein historie me vart fortald for eit par veker sidan der ein norsk elev vart rana i Managua medan han var på dagstur der. Dei som fortalde det sa at ranaren til og med tok skoa hans! Oi, sa me, og vart kjempe overraska! Samme dag spurte me den uheldige eleven om han hadde fått kjøpt seg nye skor etter den fatale Manugaturen, og til dette svarte han at han ikkje var blitt rana og at han aldri hadde vore i Managua! Hoho. Snakka oss om!

Sist veke var eg på kino i dette landet for første gong. Det var svært kjekt, men svært kaldt! Enten er det ingen aircondition eller så er det full guff og 15grader. Neste gong skal eg ta på meg bukse og sjal, noko mine kinodates hadde gjort pga tidlegare erfaringar. Det som er litt rart med kinoen her, er at dei alltid visar ein ny film og to gamle. Menmen, me skal ikkje klaga! Salen var dessuten veldig fin, og kunne glatt målt seg meg Magnus Barfot i Bergen.

Nå skal eg jobbe med spansk innlevering som har frist på fredag, og etter det skal eg belønne meg sjølv med ei god natts søvn!
Hasta luego!
Susanne.

søndag 10. oktober 2010

Hola! Cómo estás?

Fasit: Hei! Korleis går det?

Jo, takk (gracias!) her går det berre bra! Me har det framleis bra her i Leon. Sola skinner, det pøser ned med regn, mykje regn og innimellom tordnar det! Men me har blitt vant til det; varmen, svetteflekkene, sanden i trusa (og rumpa), gekkoane på veggen, myggen/ene på leggen osv. Me kan konkludere med at dette går fint an å leve med! Dette er levbart om du vil!

No er me inni sjette veka, og me drar enda ein konklusjon; Tida forsvinn SÅNN (se for deg at eg knipsar med høyre hand,( venstre for dei venstrehendte))!! Og me har ikkje så altfor god tid til å lære spansk, og i tillegg danse salsa to gongar i veka (me har jo lovt Norge å få spretten bakende), delta på kulturell aften kvar tysdag, sette oss inni Latin Amerikansk historie og kultur, jobbe som frivillig ein gong i veka! Dette er ikkje ein klageblogg, så det me driv med no er meir ein bevisstgjering/refleksjon rundt tidsomgrepet, og at me har mykje å gjere! Men det er jo gøy! Å vere aktiv (og sånn)!

Så korleis går det med spansken tru? Jau, me har lært oss nokre viktige fraser, me kan telje til 100…Me klør oss i hovudet når me skal prøve å bøye verb på spansk! Og ser stort sett ut som to spørsmålsteikn når nicagaruanarar får det for seg at me kan spansk! Og det er jo ikkje rart dei får forventningar når me går sterkt ut å innleier ein samtale. Men problemet byr seg fort når vi har fått sagt våre fem faste (banale) fraser…

Så slik er ståa, men berre vent, snart, snart! BANG, BANG – (sjå for dykk fyrverkeri og ein røykmaskin) så kan vi spansk!!!! Nedanfor ser de ein oversikt over dei orda, eller frasene me bruker mest her i Leon! Lær dei, og de er safe - safere!

Hanna og Susanne sine 8 på topp (Me har ikkje 10, så me gjev dykk 8!)

1. Det ruler - marcha
2. Har du cash? - Tienes pelas?
3. Bullshit - chorrada
4. Slutt å bøll! - Para ya!
5. Vil du Joine? - sumarse
6. Pælme – tirar
7. Lissom – anda ya
8. Seriøst?! – en serio


Til slutt tar vi med eit velbrukt, klassiske om du vil, ordtak:

En fugl i handa er betre enn ti på taket - Mas vale pajaro en mano que ciento volando

Dette passar å putte inni dei fleste normale samtaler! Men for dei som liker det unormale (og det er jo nokon av dei), her er nokre mindre vanlege fraser:

Me llamo Per Roar - Eg heiter Per Roar!
Soy de Bergen - Eg kjem frå Bergen
Que pasa?- Kva skjer?
Como estas?- Korleis går det?
Muy bien, gracias - Eg har det bra, takk!
Quiero una cerveza- Eg ønsker å kjøpe ei øl
Una brownie y una cola light por favor- Ein brownie og ein cola light takk


No i helga var me på utflukt til Maltagalpa! Den fjerde største byen i Leon. Det vil seie me var ikkje i byen, men heller på ein avsidsliggande gard eller kaffiplantasje slasj hostel! Det var spennande å sjå ein anna sida av Nicaragua! Dette var noko heilt anna enn San Juan del Sur. Både naturen, og landsbygda rundt plantasjegarden var ein nye oppleving for oss. Naturen var prega av grønne fruktbare fjell og ås – landskap. Me bada i ein foss der det berre var om lag 23 grader, stor forandring for oss som vanlegvis badar i det 29 grader varme stillehavet, og me gjekk turar rundt på plantasjen. På turane fekk me sjå høner, hundar og grisar, men og meir spanande dyr som dovendyr og apekattar. Om kveldane vart me underhaldt av skrikande jenter (og gutar mistenkjer me) som fekk gresshopper eller biller på størrelse med kampesteinar enten i maten eller i håret. Dette var kjekt!

Elles viste kaffigården seg å vere ein stor ressurs for dei som budde rundt den. Dette var heilt klart ein fattigare del av Nica enn det vi hadde sett tidlegare. Kaffigården hadde som formål å hjelpe dei fattige i nærområdet både gjennom å tilby arbeidsplass og råd om korleis dei best kunne drive gården sin.

onsdag 22. september 2010

Hola:)

Nå byrjar det å verte ei stund sidan sist, difor skal me prøve å oppsummere kva me har gjort i dette fantastiske landet den siste tida. Ikkje sist helg, men helga før der reiste dei fleste elevane ned til ein surfeby som heiter San Juan del Sur, og som ligg på grensa til Costa Rica. Der tok me inn på eit relativt shabby men kjekt hostel som hadde bar på taket med flott utsikt over stranda. Planen var at me alle skulle lære oss å surfe, men då laurdagen kom og alle var slitne etter kvelden før, valgte me å utsette det til neste dag og heller slappe av på stranda. Det var ikkje så lurt, for då søndagen kom var me fremdeles slitne, og bestemte oss for å heller reise tilbake ei anna helg og lære oss å surfe! I stedet fant me oss eit fint hotell oppe i åsen der me slappa av i bassenget med utsikt over byen. Herligt! 

Ellers har me vore på båttur i mangroveskogen, og såg masse fine dyr. Alle fekk halde ein iguan som guiden vår fanga, og han fekk namnet Bueno, som tyder fin! Fordi han var fin. Men mest grønn. Det var mange ulovlege fiskegarn i elva, så guiden vår nytta anledninga til å renske nokre av garna for fisk slik at han sikra seg middag og kvelds. Ikkje dumt! Me tok ein lokalbuss heim frå turen, så nå kan me seie at me har opplevd det verkjelege Nicaragua. Nesten vertfall.

På fredag vart Susanne frastjåle veska si på ein restaurant av ein politimann. Det var heilt udramatisk, og politimannen har nok berre lurt den forsiktig med seg. Ikkje greit! Susanne såg han att i går og gav han eit par stygge blikk, men turde ikkje å dra fram peikefingen for å kjefte på han. Uansett, lenge leve reiseforsikring!

Forutan skule har me funne kvar vårt frivillge arbeid som me engasjerar oss i. Hanna lærer ungdommar og vaksne engelsk på ein skule i nærleiken, medan Susanne hjelper til på eit dagsenter for born som ikkje går på skule i den fattige delen av byen. Me tykkjer det kjempe kjekt begge to, og ikkje minst interesant å få eit djupare innblikk i korleis barn og ungdommar har det i dette landet.

Lærarane våre har oppfordra oss til å finne spansktalande personar som me kan prate med, og som me kan lære engelsk mot at dei lærer oss spansk. Dette er tydeligvis svært vanleg, då det "beste" sjekketrikset på byen er: We can meet at my place tomorrow and I can learn you spanish, ok?
Likevel har me fått oss kvar vår spanske "venn", men møtene føregår berre ute på cafe og i organiserte formar:D

torsdag 9. september 2010

Utsikten frå skulebenken. Det vert ikkje det same å komme tilbake til skulelivet i Bergen etter dette!
Spansktimane vår føregår blant anna i huset oppe til høgre. Det ligg fleire hus bak som me og nyttar. 

Downtown Leon
<><><> 
<>
<><><>><>
Barske jenter i Amsterdam

Livet i Nicaragua

Etter to heile veke pluss nokre dagar her nede i Nicaragua er det nå på tide å ta det første steget ut i bloggverda. I og med at ingen av oss har skrive eller lest særleg mange bloggar før, bed me dykk om å være tålmodige med oss! Uansett tenkjer me at dette skal gå fint:)

Den store amerikareisa vår starta ein sjeldan solfylt fredag i Bergen for to veker sidan. Me reiste tidleg om morgonen og skulle eigentleg berre mellomlanda i Shiphol eit par timar, før me skulle vidare til Panama, så siste stopp Leon, Nicaragua. Men slik skulle det altså ikkje gå! Etter å ha venta i seks timar på flyplassen fekk me vite at det var problem med flyet og at alle passasjerane måtte overnatte på eit hotell i nærheten. Etter å ha kjent på panikken for at me nå måtte ombooke heile reiseruta vidare, satte me oss ned og bestemte oss for å være positive! Her hadde me jo muligheten til å sjå Amsterdam, og det gjorde me:)
Mykje av det kan me takke Kristian og Jarle for. Kristian hadde me kome i snakk med på flyet, han skulle på jobboppdrag i Panama city, og Jarle møtte me i køen på flyplassen i Amsterdam (han skulle også ta same fly som oss til Panama). Fint å ha to staute karar ved sin side når ein skal tråle gatene i Amsterdam! Jarle skal og komme å besøke oss i Leon, noko me gledar oss veldig til:)

Her i Leon er livet topp!

Skulen: Ligg strategisk plassert på stranda slik at me kan sole oss og bade i kvar pause og etter at timane er ferdige.
Byen: Har alt ein treng. Sjarmerande og typisk latin-amerikansk. Hest og kjerre som framkomstmiddel er eit vanleg syn i gatene og ein heil familie på ein stk moped er no problemo.
Utelivet: Veldig ok. Konsert kvar onsdag og salsa kvar torsdag. Begge har meldt seg på salsakurs, me skal bli innmari gode på å vrikke på stumpen. Får håpe Norge taklar det!
Rommet vårt: Stort, lyst, fint, flott. Viktig: eget bad, egen vifte.
Været: I og med at det er regntid er det litt opp og ned, men me har hatt mest sol og sjølv om det regnar er det framleis varmt og godt.